Årsmelding for skyttarlaget

Årsmelding Hegg skyttarlag 2019.

Styret: Olav Tiemann Hegg, (leiar), Roy Håkon Fjellstad, (nestleiar), Siv Tufte, (kasserar), Kjell Rune Humborstad, (ungdomsutvalg), Berit Brøyn,(leiar jegerutvalg), Vegard Dalland,( jegerutvalg).

Vara: Knut Maristuen og Gard Guttulsrød.

Revisorar: Ole Magne Skårheim og Dagfinn Tufte.

Det er halde eit styremøte, samt ein del dialog via lukka datagruppe.
Laget har pr 17/9-19 71 medlemmar.

Året har vore på det jamne, med skyteskule for dei yngste på miniatyrbana. Knut Maristuen har vore ansvarleg for den gruppa. Der får dei aller yngste inn basiskunnskap om skyting, og ikkje minst lære om sikkerheit og respekt ved bruk av våpen og ammunisjon. Dette er noko som me ser på som den viktigaste delen i opplæringa.

Miniatyrskytinga har vore ein gong i veka gjennom vinteren. Me kunne ynskje oss at fleire ville nytte seg av dette tilbodet. Miniatyrbana i kjellaren til Dagfinn er ei fin bane til å øve seg med børse , gjennom vinteren.

Jegertrening/jaktprøve har vore halde 7 kvelder gjennom sommaren, slik at medlemmane har fått jegerpapira i orden…

Me deltok på ryddeaksjonen «Hald Lærdal rein», og me har etterkvart fått ny heimeside til laget. http://.hegg-skyttarlag.com/ . Her vil info etterkvart bli publisert. Me er ‘og på Facebook.

Av prestasjonar nemner me: Sara-Sofie Norgesmester skifelt normaldistanse kl REK jenter, og Jens- Henrik Norgesmester kl junior menn sprint.

Gode resultat på landskyttarstemna og andre stemner gjennom sommaren for fleire medlemmar.

Dagfinn Tufte har skote sitt femtiande landskyttarstemna i sommar. Det vitnar om at Dagfinn har prioritert sporten gjennom åra. Han er ein mann som verdset like mykje deltaking som prestasjon.

Me nemner ‘og at HSL medlem, Jon-Hermann, var med på laget til Norge, då dei sette ny verdensrekord i matc-skyting under EM i Italia. Individuelt fekk han bronsemedalje. Dette er eit eige forbund utanfor DFS, men me nemner det likevel.

Laget har pr oktober 71 medlemmar.

Olav Tiemann Hegg
Leiar.