Samlagsstemne bane.

INNBYDING SAMLAGSTEMNA
Baneskyting Sogn Indre Skyttarsamlag
19 og 22. august 2020
Aurland skyttarlag innbyr til samlagsmeistarskap i baneskyting 2020.
Stemna blir arrangert på skytebana på Låvi onsdag 19. og laurdag 22. august.
Stemna vil gå som eit vanleg samlagsstemne, 25 skot først så lagskyting og finalar til slutt.
Me lyt sjølvsagt ta visse forhåndsreglar med tanke på smittevern, desse kan de lese meir om på
arrangøren si heimeside. Men me brukar same opplegg som for Lerum Cup.
Innskot: Kl.1-5, V55, V65 og V73 Kr. 190,- (Arr.avg. 80,-)
Kl. NU, NV , R, ER, J , EJ; Kr. 100,- (Arr.avg. 40,-)
Premiering:
Aurland skyttarlag satsar på å kjøpe gåvepremiar. Me vonar at det vert gjeve pengar til
gåvepremie. Det vert premiering på 15 og 10 skot. (gjeld ikkje NU)
Premiesummen kan de innbetale til kontonummer: 3745.10.15541.
Merkast: «Gavepremie Samlagstemne bane2020»
Nybegynnar ung: Gjenstandspremiar til alle
Medaljar.
Klasse 3-5: 1 gylt og 2 sølvmedaljar
Klasse V55, V65 og V73: 1 sølvmedalje i klassar med minst 3 deltakarar
Klass R, ER og J: 1 Raufoss medalje og 2 ungdomsmedaljar
Førehandspåmelding:
Elektronisk påmelding på www.dfs.no. Førehandspåmelding i tida 20. juli – 18.august
Oppmøte / Betaling seinast 20 min før valgt skytetid. Betaling kun med VIPS og «tæpping».
Tidsplan:
Onsdag kl 18.00-19.30
Laurdag kl. 08.30 – 11.30
Lagskyting Laurdag kl 12.00 – 14.00
Finalar Laurdag kl 14.15 – 16.00
Premieutdeling: Rett etter siste finalelag