Årsmelding Hegg skyttarlag 2020.

Styret: Olav Tiemann Hegg, (leiar), Ole Andre Voldum, (nestleiar), Siv Tufte, (kasserar), Kjell Rune Humborstad, (ungdomsutvalg), Berit Brøyn,(leiar jegerutvalg), Vegard Dalland,( jegerutvalg).

Vara: Knut Maristuen og Gard Guttulsrød.

Revisorar: Ole Magne Skårheim og Dagfinn Tufte.

Det er halde to styremøte, samt ein del dialog via lukka datagruppe.

Året byrja på vanleg vis med miniatyrskyting og skyteskule…. men etterkvart vart det hjå oss, som i resten av riket, stengt for aktivitet. Me avvikla jegertrening i Kanan i hht. FHI sine retningslinjer.
Pga. at det var kun nye jegerar som måtte ta jaktprøve og treningar, vart det noko redusert deltaking.

Det vart avvikla Samlagsstemne i baneskyting i Aurland. Me hadde tre delakarar med, og Sara-Sofie klinka til, og vart samlagsmeister i kl ER.
Ho vart og samlagsmester i skogsløp med skyting på Hafslo dagen etter. Dette er eit stemne som laget hjelper til med å arrangere, saman med Hafslo skyttarlag, og stemna blir arr. på Hafslo. Fleire av oss deltokog på Hallingstemnene.

Hegg skyttarlag hadde og eit medlem som deltok på det alternative arr. for LS, nemleg mestermøte i Oslo. Der var det ca 50 skyttarar i landet som var førehandsutplukka til å konkurrere om mestertittel.
Jon-Hermann gjennomførte på ein god måte. Han skaut for Hegg skyttarlag, men var utplukka fordi han er på landslaget rifle NSF.

Som ein kan sjå vidare, er medlemstalet for betalande medlemar, lågare i år. Dette skuldast sjølvsagt at me har mange jegerar som betalar kontigent når dei skyt jegertreningane. Dette vil nok normalisere seg når tida er inne for å opne opp for arrangering og me kjem tilbake til det normale.

Laget har pr oktober 21 medlemmar.

Olav Tiemann Hegg
Leiar.