På tide med litt info frå styret.
Det har vore valg til nytt styre i laget, då Siv Tufte, kasserar i mange år, og Kjell Rune Humborstad, sa få seg attval.
Takk til begge for innsatsen!!!
Valnemda har jobba hardt for å få kandidatar som sa ja til å sitje i styret. Nils Arild Neshagen og Dag Lennart Anderson vart valgt til nye styremedlemar- Velkomen til dei.
Etter konstituerande møte vart det nye styret slik:
Olav Tiemann Hegg, leiar og kasserarfunksjon
Ole Andre Voldum, nestleiar
Nils Arild Neshagen, ungdomsutvalg
Berit Brøyn, leiar jegerutvalg
Vegard Dalland, medlem jegerutvalget
Dag Lennart Anderson, styremedlem
Vara:Gard Guttulsrød og Knut Horvath Maristuen
Ei flott nyheit er at me har fått midlar hjå Oskar Brugrand AS.Dette er ein del av midlar som dei fordelte på lag og organisasjonar i kommunen, som kjem dei unge tilgode.
Me søkte om midlar til skiveheis til dei tre skivene våre, og kompleterte dei med ein ny type kulefangarar, som hindrar at støv og forureing kjem ut i rommet. Midlane dekker dette i sin heilheit. TAKK!!!
Etter ei lang stund utan aktivitet, tenkjer me, etter jul, å prøve oss med med skyteskule og treningskveldar på miniatyrbana. (Alt med forbehold om reglar mht Covid 19)Vert kunngjort seinare.
Leiar