Årsmelding 2021

Årsmelding Hegg skyttarlag 2021



Styret: Olav Tiemann Hegg, (leiar og kasserar), Ole Andre Voldum, (nestleiar), Nils Arild Neshagen, (ungdomsutvalg)(NY), Berit Brøyn,(leiar jegerutvalg), Vegard Dalland,( jegerutvalg), og Dag Lennart Anderson.(NY)

Vara: Knut Maristuen og Gard Guttulsrød.

Revisorar: Ole Magne Skårheim og Dagfinn Tufte.

Det er halde to styremøte, samt ein del dialog via lukka datagruppe.


Året har vore sterkt redusert når det gjeld aktivitet. Dette skuldast fleire ting, men koronasituasjoen er nok ein hovedgrunn…spesielt når det gjeld innesesongen med skyteskule og miniatyrtrening.

Hegg Skyttarlag vart sponsa med kr 40 000,- hjå Oskar Brugrand AS. Desse midlane er bukt til skiveheisar og nye miljøkulefangarar på miniatyrbana. Dei nye kulefangarane tek imot kula bakom skivene på ein sikker måte, utan at det blir “virvla” opp mykje støv. Sjølv om me har vifteavtrekk, vil dette føre til betre innemiljø. …så nok ein takk til Oskar Brugrand AS.

Me halde 6 jaktprøveskytingar, der mange fekk skyte opp til jaktprøven, samt trene litt utanom.

Me hadde deltakarar på Fylkesmesterskap (LDKS) i bane og feltskyting i Nordfjord, og Sara-Sofie kunne reise heim som Fylkesmeister i feltskyting klass ER.
Me hadde òg deltakarar på Hallingstemnene og stemner i Valdres, samt samlagsstemna baneskyting.

Den 25-26 september vart det arrangert NM i skogsløp med skyting på Leikanger. Der vart det tre medaljar til Hegg skyttarlag, to gull og ein sølv.

Sara-Sofie tok sølv på Normaldistanse kl ER jenter, og Olav Tiemann vart Norgesmester på både sprint og normaldistanse klasse V55.

Me tek også med at Jon-Hermann vart Europamester i rifleskyting 3 x 40 skot rifle 50m i Osijek, Kroatia i mai, og nr 4 i finalen på 3 x 40 skot rifle 50m, i dei Olympiske leikar i Tokyo. (Dette er øvelsar som ikkje ligg under DFS, men til Norges Skyttarforbund.) Gratulerar!!



Det nærmar seg årsmøte, og ein gjengangar i fleire år er at det er vanskeleg å få nokon til ta på seg leiarvervet.

Underteikna har teke leiarvervet i snart 20 år tilsaman, og har hatt ynskje om å sleppe til nye og etterlengta krefter i fleire år,… utan hell.

Håpar valnemda vil lukkast i år!



Årsmøte blir halde torsdag 28 oktober i kommunehuset på Steinklepp kl 19oo. (Eiga innkalling m/sakliste kjem.)









Laget har pr oktober 57 medlemmar.





26/10-21

Olav Tiemann Hegg
Leiar.