Hegg Skyttarlag sin fremtid!

Hegg Skyttarlag står i dag ovanfor ei utfordring når det gjeld engasjement og drift. På siste årsmøtet kom det fram at fleire ønskjer å trekkje seg frå styret. Dette gjeld mellom anna:

  • Leder
  • Nestleiar
  • Ungdomsleiar

Med ei oppmøte på 75% av styret og eitt medlem var det ikkje grunnlag for å gjennomføre eit val.

Hegg Skyttarlag vil difor halde eit ekstraordinært årsmøte i midten av april der det skal avgjerast kva som skjer vidare. Dagens leiar (Kjell Arne Neshagen) skal sitje som leiar fram til dette årsmøtet er halde. Hegg Skyttarlag kjem ikkje til å arrangere miniatyrskyting, skyteskule eller jegeropplæring før etter årsmøtet når ein veit kva som skjer vidare.

Hegg Skyttarlag ønskjer med denne informasjonen å kome i kontakt med medlemmer som vil ta på seg styreverv og som er engasjerte nok til å drive rekrutteringsarbeid for dei yngre. Desse personane skal også kunne føre Hegg Skyttarlag si snart 130 år lange historie vidare ved å drive anlegga og kome med nye spennande aktivitetar. Ein del av dette engasjementet bør kome frå foreldra.

Om ikkje, kan det hende at grunnlaget for å halde laget oppe ikkje er til stades.

Om du er interessert i å ta Hegg Skyttarlag vidare, ta gjerne kontakt med:

  • Kjell Arne Neshagen (Leiar)
    • 96925749
    • kjell-arne@neshagen.no
  • Send ein melding til vår Facebook-side
  • Gard Guttulsrød (Valnemnd)

Det vert informert om at innadørs skytebane i kjelleren hjå Dagfinn Tufte, og utadørs bane i kanan, er under avtale med Hegg Skyttarlag.

Dersom framtida til Hegg Skyttarlag blir avvikla eller drifta blir flytta til andre skyttarlag, er det ingen garanti for at desse baneanlegga vil bli halde i drift for miniatyrskyting, jegeropplæring eller liknande aktivitetar.

Med venleg helsing

Hegg Skyttarlag ved leiar Kjell Arne