Artikler

Filter
  • Skyteskulen startar

     

    Hegg Skyttarlag startar oppatt med skyteskule for 1- 4 klasse, måndag 19.nov. kl. 1800, i kjellaren til Dagfinn Tufte. Det vert fokusert på sikkerheit i forhold til skyting og våpen.

    Dei yngste får høve til å skyte nokre skot.(sjølvsagt berre viss dei har lyst) Dei eldste får skyte meir.(opp til 15 skot).

    Me har ein ledar på kvar elev som er inne og skyt(3stk i gongen), samt at ein ledar vil vere i venterommet og ha teori(snakke om skyting ). All teori er i enkelheit slik at ungane forstår det, og vil nok bli repetert fleire gonger for kvelden. Det vil bli noko venting.

    Me vil dele ut diverse info. om skytesporten.

    Foreldre må gjerne sitje og høyre på, og me reknar med at me er ferdige etter ca. ein til to timar.Det kostar ikkje noko å vere med, men dei ungane som deltek må bli medlem i laget. Medlemskap for ungar kostar kr 50,- pr år. Dette skal vere uhøgtideleg og gje ungane ei lett innføring i kva skytesporten i DFS går ut på.

    Det året ungane blir 10 år, kan dei delta på vanleg miniatyrtrening fredagskveldane.

    Det vert skyteskule desse kveldane før jul:    19/11-2012 og 3/12-2012

    Etter nyttår  startar me oppatt fyrste måndag  etter barneidretten.

    Vel møtt!

    Hegg Skyttarlag

  • Vestlandsstemna i Rosendal

    Link til resultata frå vestlandsstemna i Rosendal finn du her. 3 skyttarar frå Hegg deltok, og hadde ei fin helg i vakre omgivnader og godt skytemiljø.

Webmaster Odd Magne Husum | Teknisk støtte for sida: Knut Horvath Maristuen