Litt om laget

Hegg Skyttarlag vart skipa i 1898 med Per Grøtte som formann. Laget hadde 20 medlemar og 10 av desse hadde rifle. Ingen Krag med bedding og mirageband, men derimot Remingtonrifle med blykule. Skytebane vart oppretta der det passa og avstanden var 200 og 400 meter. Ingen statsa på toppidrett, så det var stort sett lagstemne og pokalskytingar.

Aktiviteten gjekk opp og ned, men 1946 var eit jubelår. Premieskytinga gjekk over 3 dagar og det var 103 mannlige og 4 kvinnelege deltakara.. Skytinga føregjekk ved Oddheim. Året etter starta planlegging av skytebane, men den var det ingen som ville ha som nabo. Etter om lag 10 år byggetid var bana på Skårheim ferdig. Men då var skyteiveren borte.

I 1966 gjorde Hegg Skyttarlag eit famlande comeback med unge skyttara. Etter to år var middelalderen i styret under 18 år, og folk rista på hove. Det vart feira 70 års jubileum og skyttarfesten vart årets oppfinning. Bana var i dårleg stand, men miljøet var godt. Planar for skytebane på Honningane gjorde at Vindhella skyttarlag vart starta oppatt.

I 1970 valde laget eigen skiskyttarformann. Fyrste terrengløpet med skyting vart skipa til om hausten, og året etter var det skiskyting på Fillestølen i snøføyke. Etter den tid fekk skyttarlaget skulda for alt uroleg vær i vinterhalvåret. Dette året reiste dei fyrste skyttarane til Landsskyttarstemne. Ein tradisjon som seinare har vorte halde i hevd av til dels mange borjinder.

75 - års jubileet vart feira slik at folk hugsa det ei stund. "innandørs" terrengløp baneskyting på Skårheim 18 og 19 mai og sauesank som oppvarming til årsmøte.

Hausten 1981 vart miniatyrskytinga flytta frå Fjell-ly til kjellaren hjå Tufte.

Det dukka det opp mini-cup, maxi-cup, kvinnegruppe og pistolklubb.

Det meste hadde ein normal kurve som forsvinn  etter ei tid, men Åpningscupen  1. Mai har overlevd i 33 år. Kanskje mest fordi Hegg Skyttarlag aldri har hatt skyttara heilt i toppen.

Men me har no samla ein del samlagsmeistertittlar på 30 år.

(Det kjem meir seinare.)

Webmaster Odd Magne Husum | Teknisk støtte for sida: Knut Horvath Maristuen