Torsdag 25/6-2020
Søndag 28/6-2020
Torsdag 23/7-2020
Søndag 26/7-2020
Arb.lister med info. kjem etterkvart.
Torsdag 25/6-2020
Søndag 28/6-2020
Torsdag 23/7-2020
Søndag 26/7-2020
Arb.lister med info. kjem etterkvart.
Me kjem med meir info. frå laget i siste halvdel av mai. Slik som det ser ut no, så kan me arr. trening og prøve for dei som treng det…..
( nye jegerar, som ikkje tok prøve 2019)…
Dato for treningane ikkje fastsett enno.
Les link under frå Miljødirektoratet.
DKS har no oppdatert informasjonen rundt koronakris. Du finn dei her:
Grunna Corona situasjonen er skyteskule og miniatyrskyting avlyst minst til 26.mars. Me kjem tilbake med nye datoer når situasjonen endrer seg.
Bana vår er klar og følgande datoer er fastsatt utover våren:
20/1 Skyteskule
27/1 Miniatyrskyting
3/2 Skyteskule
10/2 Miniatyrskyting
17/2 Vinterferie
24/2 Miniatyrskyting
2/3 Skyteskule
9/3 Miniatyrskyting
16/3 Skyteskule
23/3 Miniatyrskyting
30/3 Skyteskule
Begge deler startar kl 17.30.
Prisar:
Skyteskule: gratis, krav om medlemskap kr 50,- for barn
Miniatyrskyting: kr 25,- barn og 40,- vaksen. Medlemskap vaksen 100,-.
Obs: Kun kontantbetaling
Grunna teknisk feil på skivesystemet på skytebana vår har me dessverre ikkje komme igang med Skyteskule og Miniatyrskyting. Så fort me har fått orden på utstyret blir datoar satt opp.
Årsmelding Hegg skyttarlag 2019.
Styret: Olav Tiemann Hegg, (leiar), Roy Håkon Fjellstad, (nestleiar), Siv Tufte, (kasserar), Kjell Rune Humborstad, (ungdomsutvalg), Berit Brøyn,(leiar jegerutvalg), Vegard Dalland,( jegerutvalg).
Vara: Knut Maristuen og Gard Guttulsrød.
Revisorar: Ole Magne Skårheim og Dagfinn Tufte.
Det er halde eit styremøte, samt ein del dialog via lukka datagruppe.
Laget har pr 17/9-19 71 medlemmar.
Året har vore på det jamne, med skyteskule for dei yngste på miniatyrbana. Knut Maristuen har vore ansvarleg for den gruppa. Der får dei aller yngste inn basiskunnskap om skyting, og ikkje minst lære om sikkerheit og respekt ved bruk av våpen og ammunisjon. Dette er noko som me ser på som den viktigaste delen i opplæringa.
Miniatyrskytinga har vore ein gong i veka gjennom vinteren. Me kunne ynskje oss at fleire ville nytte seg av dette tilbodet. Miniatyrbana i kjellaren til Dagfinn er ei fin bane til å øve seg med børse , gjennom vinteren.
Jegertrening/jaktprøve har vore halde 7 kvelder gjennom sommaren, slik at medlemmane har fått jegerpapira i orden…
Me deltok på ryddeaksjonen «Hald Lærdal rein», og me har etterkvart fått ny heimeside til laget. http://.hegg-skyttarlag.com/ . Her vil info etterkvart bli publisert. Me er ‘og på Facebook.
Av prestasjonar nemner me: Sara-Sofie Norgesmester skifelt normaldistanse kl REK jenter, og Jens- Henrik Norgesmester kl junior menn sprint.
Gode resultat på landskyttarstemna og andre stemner gjennom sommaren for fleire medlemmar.
Dagfinn Tufte har skote sitt femtiande landskyttarstemna i sommar. Det vitnar om at Dagfinn har prioritert sporten gjennom åra. Han er ein mann som verdset like mykje deltaking som prestasjon.
Me nemner ‘og at HSL medlem, Jon-Hermann, var med på laget til Norge, då dei sette ny verdensrekord i matc-skyting under EM i Italia. Individuelt fekk han bronsemedalje. Dette er eit eige forbund utanfor DFS, men me nemner det likevel.
Laget har pr oktober 71 medlemmar.
Olav Tiemann Hegg
Leiar.
Årsmøte i Hegg skytterlag 2019
Onsdag 23 Oktober kl 19,00 i kommunehuset.
1. Godkjenning av innkalling
2. Årsmelding
3. Rekneskap
4. Aktiviteter 2019 – 2020.
5. Bruk av midler 2019 – 2020 /medlemskontigent
6. Gjennomgang av rutiner / Fordeling av ansvarsområde.
7. Heimeside.
8. 100m bane Øyradalen. Info.
9. Innkomne saker.
10. Val ( også utsending til ombudsmøtet )
Evt. Saker må leverast leiar innan dagen før møtet.
Kaffi og twist
Velkomen til alle.
Hegg Skyttarlag
Styret
Velkomen til våre nye sider. Meir info kjem!