Jegertreningar 2020

Grunna årets situasjon med covid 19, og sidan alle som bestod storviltprøven i 2019 ikkje treng og bestå prøven i år. Derfor vil det bli begrensa skytetreningar, for nye jegera og dei som ikkje tok prøven i 2019.

Desse datoane blir:
Torsdag 25.juni kl.18:00 Vegar og Berit
Søndag 28.juni kl.13:00 Kjell Rune og Ole Andre
Torsdag 23.Juli kl.18:00 Olav og Berit
Søndag 26. Juli kl.13:00 Vegar og Kjell Rune
Påmelding innan kl.19 på torsdag og kl.14 på søndagar.
Styremedlem sit ute og tar påmelding, betaling og administrerer køen.
Prisar: (Med forbehold om endringar)
15 Treningsskot kr50,-
Jegerprøven kr100,-
Medlemskort kr 100,- (50kr for barn t.o.m junior)
Alle treningsskot (heilmantel) kr 10,-pr skot (200kr for 20 og 500kr for 50)
Blyspiss alle typar kr. 25,-pr skot (500kr for 20)
Rekruttamunisjon kr. 8.pr stk (160 for 20 og 400 for 50)
Jegerprøven skal takast med blyspiss og det er høve til og gjera maksimun 3 forsøk pr.dag. Betaling i år er kun med vipps, og banen skal vaskast med antibac mellom kvar skyttar. Det vert i år tatt i bruk kammerflagg, for og auke sikkerheten på bana.
Førstehjelpskoffert og kikkert skal vera med til bana og orange vestar som ligg på bana skal brukast av banemanskapet.


Jegerutvalet.

Datoer for Skyteskule og Miniatyrskyting

Bana vår er klar og følgande datoer er fastsatt utover våren:


20/1 Skyteskule
27/1 Miniatyrskyting
3/2 Skyteskule
10/2 Miniatyrskyting
17/2 Vinterferie
24/2 Miniatyrskyting
2/3 Skyteskule
9/3 Miniatyrskyting
16/3 Skyteskule
23/3 Miniatyrskyting
30/3 Skyteskule

Begge deler startar kl 17.30.
Prisar:
Skyteskule: gratis, krav om medlemskap kr 50,- for barn

Miniatyrskyting: kr 25,- barn og 40,- vaksen. Medlemskap vaksen 100,-.

Obs: Kun kontantbetaling

Årsmelding for skyttarlaget

Årsmelding Hegg skyttarlag 2019.

Styret: Olav Tiemann Hegg, (leiar), Roy Håkon Fjellstad, (nestleiar), Siv Tufte, (kasserar), Kjell Rune Humborstad, (ungdomsutvalg), Berit Brøyn,(leiar jegerutvalg), Vegard Dalland,( jegerutvalg).

Vara: Knut Maristuen og Gard Guttulsrød.

Revisorar: Ole Magne Skårheim og Dagfinn Tufte.

Det er halde eit styremøte, samt ein del dialog via lukka datagruppe.
Laget har pr 17/9-19 71 medlemmar.

Året har vore på det jamne, med skyteskule for dei yngste på miniatyrbana. Knut Maristuen har vore ansvarleg for den gruppa. Der får dei aller yngste inn basiskunnskap om skyting, og ikkje minst lære om sikkerheit og respekt ved bruk av våpen og ammunisjon. Dette er noko som me ser på som den viktigaste delen i opplæringa.

Miniatyrskytinga har vore ein gong i veka gjennom vinteren. Me kunne ynskje oss at fleire ville nytte seg av dette tilbodet. Miniatyrbana i kjellaren til Dagfinn er ei fin bane til å øve seg med børse , gjennom vinteren.

Jegertrening/jaktprøve har vore halde 7 kvelder gjennom sommaren, slik at medlemmane har fått jegerpapira i orden…

Me deltok på ryddeaksjonen «Hald Lærdal rein», og me har etterkvart fått ny heimeside til laget. http://.hegg-skyttarlag.com/ . Her vil info etterkvart bli publisert. Me er ‘og på Facebook.

Av prestasjonar nemner me: Sara-Sofie Norgesmester skifelt normaldistanse kl REK jenter, og Jens- Henrik Norgesmester kl junior menn sprint.

Gode resultat på landskyttarstemna og andre stemner gjennom sommaren for fleire medlemmar.

Dagfinn Tufte har skote sitt femtiande landskyttarstemna i sommar. Det vitnar om at Dagfinn har prioritert sporten gjennom åra. Han er ein mann som verdset like mykje deltaking som prestasjon.

Me nemner ‘og at HSL medlem, Jon-Hermann, var med på laget til Norge, då dei sette ny verdensrekord i matc-skyting under EM i Italia. Individuelt fekk han bronsemedalje. Dette er eit eige forbund utanfor DFS, men me nemner det likevel.

Laget har pr oktober 71 medlemmar.

Olav Tiemann Hegg
Leiar.

Årsmøte 23.oktober

Årsmøte i Hegg skytterlag 2019
Onsdag 23 Oktober kl 19,00 i kommunehuset.

1. Godkjenning av innkalling
2. Årsmelding
3. Rekneskap
4. Aktiviteter 2019 – 2020.
5. Bruk av midler 2019 – 2020 /medlemskontigent
6. Gjennomgang av rutiner / Fordeling av ansvarsområde.
7. Heimeside.
8. 100m bane Øyradalen. Info.
9. Innkomne saker.
10. Val ( også utsending til ombudsmøtet )
Evt. Saker må leverast leiar innan dagen før møtet.
Kaffi og twist

Velkomen til alle.

Hegg Skyttarlag
Styret